Det gjekk i dag ut eit brev frå administrerande direktør i Norwegian Air Shuttle, Bjørn Kjos og styreleiar for det nye selskapet, Krister Aarnio, til alle kabintilsette om at dei blir overførte til eit nytt selskap.
Også dei kabintilsette i Danmark vil blir overførte til eit nytt selskap.
Tilpassing
I brevet heiter det blant anna at omorganiseringa skjer for å få ein selskaps- og driftsorganisasjon som er betre tilpassa storleiken på konsernet og den internasjonale satsinga, inkludert å leggje til rette for drifta som Norwegians store flyordre vil medføre. Norwegian Air Shuttle skal i framtida ikkje drive operativ flyverksemd, heiter det i brevet til dei tilsette.
Dei tilsette får 14 dagars frist til å klage på avgjerda, altså reservere seg, sik at dei som vil kan slutte utan å vere bundne av vanleg oppseiingsfrist. Det blir presisert at ein slik reservasjon ikkje vil gi nokon rett til å vidareføre arbeidsforholdet med Norwegian Air Shuttle.
– Varsla i oktober
Informasjonsdirektør Anne-Sissel Skånevik i Norwegian opplyser til
at endringane vart varsla alt i oktober i fjor, at dei har vorte drøfta på vanleg måte med fagforeiningane.Det har ikkje lukkast NRK i kveld å få ein kommentar frå dei tillitsvalde for dei kabintilsette i Norwegian.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: