Hopp til innhold

Nytt brot i forhandlingane om oljetreiken

Etter 13 timar med mekling er det på nytt brot i forhandlingane mellom partane i oljestreiken. Partane skuldar på kvarandre.

Gullfaks C

Streiken i oljesektoren held fram.

Foto: Øyvind Hagen / StatoilHydro / Øyvind Hagen

Forhandlingane blei tekne opp att i går, etter at partane fekk klar melding om å gjera det av arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

708 arbeidarar i streik

Striden mellom dei to partane står om pensjonsrettar. Arbeidsgivarane har varsla lockout frå tysdag, dersom dei ikkje kjem til ei semje før det.

I alt 708 oljearbeidarar er i streik.

– Umogleg å innføra krav

Administrerande direktør Gro Brækken i arbeidsgivarorganisasjonen Oljeindustriens Landsforeining (OLF) seier kravet frå arbeidstakarane er umogleg å gjennomføra.

– Arbeidstakarane har ein pensjonsalder på 65 år, men krev no full pensjon frå 62 år. Ingen andre i Noreg har det, og me kan ikkje gå med på eit slikt krav, seier Brækken til NRK.

Ho seier vidare at streiken fører til ein ekstremt vanskeleg situasjon for bransjen.

– Streiken er no inne i sin 14. dag, og 2,7 milliardar kroner kroner har gått tapt, ifølgje Brækken.

Skuldar på kvarandre

Leiar i fagforbundet SAFE, Hilde Marit Rysst, skuldar OLF for å ikkje koma arbeidstakarsida i møte.

– Me la fram ei løysing på pensjonsstriden som ikkje ville ha kosta dei ei krone å innfri. Likevel valde dei å sjå heilt vekk ifrå kravet, seier Rysst.

Ho synest forhandlingsbrotet i dag er trist, men at OLF må stå til ansvar for lockouten dei har varsla frå tysdag.