NRK Meny
Normal

Fallet på børsane held fram

Børsen i Sydney i Australia opplevde ein nedgang på 3,72 prosent i dag, medan Tokyo-børsen stengde på sitt lågaste nivå på to og eit halvt år.

Børsfall i Japan

Tunge skyer over børsen i Tokyo.

Foto: YURIKO NAKAO / Reuters

Dermed heldt nedgangen i USA og Europa før helga fram også i Asia og Australia, og det er venta markant nedgang også i Europa. Årsaka til den nye nedgangen er manglande tillit til at Hellas skal greie å rydde opp i gjeldsproblema sine.

Nikkei 225-indeksen i Tokyo viste ein nedgang på 2,31 prosent til 8535,67 poeng, som er det svakaste resultatet sidan april 2009.

Svak euro

Denne frykta har også ført til at euroen er på sitt lågaste nivå overfor japanske yen på ti år.

Børsen i Hongkong gjekk ned med nesten fire prosent, medan børsane i Singapore og Mumbai fall med 2,6 og 2,3 prosent.

Også dei europeiske børsane opna med kraftig fall. FTSE-indeksen i London opna 2,2 prosent ned, medan Milano-børsen stupte med tre prosent. Tyske og spanske aksjekursar opna med ein nedgang på to prosent.

Bankaksjar Børsen i Paris opna fire prosent ned. Det er bankaksjane som får mest juling, noko som skuldast frykt for store tap for bankane i samband med den økonomiske krisa.

Fredag gjekk Oslo Børs ned 2,5 prosent til 358,13 poeng. Årsaka til det kraftige fallet i Oslo og på andre europeiske børsar var sjokknyheita om at Jürgen Stark, den tyske sjeføkonomien i den europeiske sentralbanken, trekkjer seg frå stillinga.

Samstundes gjekk det sterke rykte om at Hellas hadde misleghalde gjelda si. Sjølv om Hellas gjekk ut og avkrefta rykta, var ikkje dette nok til å stanse nedgangen.