NRK Meny
Normal

Etikkfall hjå Telenor

I fjor toppa Telenor etikkrangeringen blant mobilselskapa på Dow Jones verdsindeks. Etter Bangladesh-avsløringane ryk truleg plasseringa.

Telenor og Barnearbeid
Foto: NRK

- Nyhenda frå Bangladesh vil heilt klart ha ei negativ effekt, seier Christophe Churet i SAM Research.

Barnearbeid

SAM Research tek føre seg den årlege rangeringa blant verdas 2.500 største selskap til Dow Jones Sustainability Index.

I den danske TV-dokumentaren "Et tårn av løfter" vart det mellom anna kjent at born heilt ned i 13-årsalderen jobbar på fabrikkane til Telenor sine underleverandørar i Bangladesh.

Telenor sitt mobilselskap i Bangladesh brukar leverandørar som brukar barnearbeidarar, og let folk jobba ved etsande syrebad utan fnugg av vern.

LES ÒG: Born jobbar for telenor