Hopp til innhold

Endeleg avtale om grøne sertifikat

Regjeringa har i dag underteikna ein avtale med Sverige om ein felles sertifikatmarknad for elektrisitet.

Kraftledninger
Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Avtalen vart underteikna av olje- og energiminister Terje Riis Johansen og den svenske næringsministeren Maud Olofsson i Stockholm.

Avtalen inneber subsidiering av prosjekt for fornybar energi som vasskraft, vindkraft, bølgjekraft og biokraft.

Dyrare straum

Det er forbrukarane som skal betale rekninga for dei såkalla grøne sertifikata.

Terje Riis-Johansen

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Målet med dei grøne sertifikata er å gjere fornybar elproduksjon lønsam, og det er forbrukararne som må ta kostnaden.

Forhandlingane om ein felles sertifikatmarknad for Noreg og Sverige har tidlegare brote saman fordi den norske regjeringa frykta at ordninga skulle bli for dyr for norske forbrukarar og norsk næringsliv.

Statsminister Jens Stoltenberg vil kl. 16.30 i dag truleg presentere avtalen på ein pressekonferanse.

Sluttforhandlingar

Einar Håndlykken, daglig leder Miljøstiftelsen ZERO

Einar Håndlykken er dagleg leiar for Zero.

Foto: Morten W. Røkeberg / NRK

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen var tidlegare i dag i Stockholm for å sluttforhandle avtalen med Maud Olofsson. Forhandlingsresultatet blir presentert etter pressekonferansen, når Riis-Johansen saman med statstministeren møter representantar for bransjeorganisasjonar og miljørørsla.

- Det er ein historisk dag, om sertifikata no er på plass. Det blir starten på ein ny epoke for fornybar energi i Noreg, seier Einar Håndlykken i miljøstiftinga Zero.

Sverige har hatt ein marknad for grøne seritifikat sidan 2003.

Forhandlingane med Sverige starta opp igjen i juni 2008, etter dei braut saman våren 2006.

- Helt uten grønne ambisjoner

Brudd i klimaforhandlingene

Nytt håp for vindparken

Gjenopptar forhandlinger om grønne sertifikater