Hopp til innhold

Børsen ned meir enn 4 prosent

Oslo Børs opna med eit kraftig fall etter pinse. Hovudindeksen var ned mer enn 4 prosent i ettermiddag.

Video Erik Bruce om børsfall

KLIKK FOR Å SE VIDEO: Erik Bruce om børsfallet.

Etter å ha fått hard medfart i førre veke, heldt børsen fram fallet i dag tidleg. I ettermiddag var hovudindeksen nede i under 330 poeng.

Klokka 16.41 er nedgangen på 3,89 prosent.

I førre veke gjekk børsen ned 10 prosent på berre tre dagar . Indeksen er no så låg som han ikkje har vore sidan november 2009.

Les også: – Som New York-børsen på steroider

– Liknar på finanskrisa

Sjefsøkonom Erik Bruce i Nordea Markets vil ikkje seie at det er panikk på børsen.

– Men det er veldig stor uro i marknaden. Og det er ikkje berre børsane som rasar no. Det er stressteikn i mange marknader og dette liknar det vi hadde under finanskrisa, seier han til NRK.

Han trur fallet i dag kjem fordi asiatiske børsar gjekk kraftig ned i natt.

– Men generelt kjem børsfallet vi har hatt dei siste vekene på grunn av frykt for at statar spesielt i Sør-Europa ikkje skal greie å betale gjelda si. Bankane kan gå på enorme tap og vi kan få ei ny bankkrise om det skjer, seier Bruce

Børsen i Sør-Korea går ned

Ein koreansk aksjemeklar kjempar mot aksjenedgangen.

Foto: TRUTH LEEM / Reuters
Den spanske finansministeren Elena Salgado taler til EU

Den spanske finansministeren Elena Salgado fortalde EU om den spanske økonomien i føremiddag.

Foto: Yves Logghe / Ap

Uro i heile verda

Også i Europa har dei store børsane falle mykje i dag. I ettermiddag hadde kursane på børsen i Frankfurt falle meir enn 3 prosent, medan Paris-børsen var ned meir enn 4,0 prosent. I Milano og Madrid var nedgangen på meir enn 5 prosent.

I natt har børsane i Asia falle kraftig . Tokyo-børsen har ikkje vore lågare på ti månader, etter at Nikkei-børsen endte ned meir enn tre prosent. I Sør-Korea gjekk børsen ned 3,6 prosent.

Måndag gjekk børsane i USA ned meir enn ein prosent i går. Dow Jones-indeksen slutta på det lågaste nivået på tre månader .

Åtvarar Spania

Det internasjonale pengefondet IMF åtvarar Spania om at dei står overfor alvorlege utfordringar. Økonomien er hardt råka og Spania må gjennom omfattande reformar, ifølgje IMF.

I helga måtte spanske styresmakter gå inn og redde regionsbanken Cajasur. Det offentlege har ei raskt vaksande gjeld. Arbeidsløysa i landet er over 20 prosent.

Finansminister Elena Salgado seier likevel at økonomien i landet er solid.

Olje under 70 dollar

Det er den europeiske gjeldskrisa og fallande råvareprisar som skapar mest uro på børsane. Men også den spente situasjonen mellom Sør-Korea og Nord-Korea bremsar handelen.

I dag tidleg vart eitt fat nordsjøolje omsatt for under 70 dollar fatet. Det er ein nedgang på rundt 2 prosent.

Krona får hard medfart

Samtidig med børsfallet sel utlendingar seg ut av norske investeringar. Den norske krona går ned målt mot både dollar og euro.

Tirsdag blir ein dollar omsatt for 6,65 kroner. Det er ein nedgang på 2 prosent frå i går. Ein euro er ein prosent billegare enn i går, og blir selt for 8,12 kroner.