No skal kommunelova stramast inn og kommunane må kvitte seg med investeringane. Det er også heilt uaktuelt for staten å hjelpa kommunane ut av den økonomiske krisa, seier kommunalministeren.
Fekk same dom
For snautt to veker sidan slo Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fast at Vik og Bremanger hadde brote kommunelova ved å investere framtidige kraftinntekter i risikofylte obligasjonar gjennom Terra-systemet.
Les:
No er det klart at samlege åtte kommunar gjekk ut over fullmaktene sine, då dei inngjekk investeringsavtaler med Terra. Og i ettermiddag varslar kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa at kommunelova kjem til åbli strama inn.
Måndag fekk dei seks andre Terra-kommunane same dom. Fyrst ute var Kvinesdal i Vest-Agder.
Les:
Så kom dommen over Haugesund i Rogaland.
Les:
Deretter svinga Fylkesmannen i Nordland øksa over Rana, Hemnes, Hattfjelldal og Narvik.
Les:
Kan tape meir
Fylkesmennene slår fast at vedtaka er ulovlege. Det inneber at kommunane må selje seg ut.
Eit raskt sal kan føre til at kommunane får større tap enn kva ein har rekna med, derfor aksepterar fylkesmennene at dei brukar noko tid til å kvitte seg med obligasjonane.