Hopp til innhold

Knusande dom for kommunane

Fylkesmannen i Nordland konkluderte med at dei fire kommunane Narvik, Hattfjelldal, Hemnes og Rana braut lova då dei investerte pengar i den amerikanske boligmarknaden.

Fylkesmann Ola Bjerkaas legg fram granskinga etter terra-skandalen

Fylkesmann Ola Bjerkaas legg fram granskinga etter Terra-skandalen.

Foto: Tone Gullaksen / NRK

Kommunane må også på lik linje med Kvinesdal kommune i Vest-Agder og kommunane Vik og Bremanger i Sogn og Fjordane selje obligasjonane.

Dette kom fram då fylkesmannen la fram resultatet av granskinga klokka eitt i dag i Bodø.

Konklusjon

Fylkesmann Ola Bjerkaas konkluderte med at kommunane har tatt vesentleg finansiell risiko.

- Me har funne lovbrot i samtlege kommunar. Narvik er den kommunen som har brote flest lover, sa Bjerkaas.

Kommunane har brote §52 i kommunelova og vedtaka er ulovlege.

Fylkesmann meinte at kommunane burde ha innhenta råd frå utanforståande før dei investerte i amerikanske obligasjonar.

Alvorlege

Fylkesmann Ola Bjerkaas fortalde at det har vore ein utfordrande prosess.

- Det har vore fagleg utfordrande, sa Bjerkaas.

Det mest vesentleg brotet er i forhold til risiko-vurderinga meinar fylkesmann Ola Bjerkaas.

 

Nordlands-ordførere

MÅ SELJE ALT: Alle de fire kommunane i Terra-saka har brote kommunelova.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Narvik er den av kommunane som har vore mest kreativ, om det er lov å nytte ei slik formulering, sa Bjerkaas.

Ikkje overraskande

Resultatet kom ikkje som noko overrsasking på ordførarane i dei fire kommunane. Alle fire har tidlegare i dag sagt til NRK at dei venta seg same konklusjon som i Sogn og Fjordane og Vest-Agder.

 Ordførar Kjell Idar Juvik nytta desse orda tidlegare i dag.

- Utifrå det me veit no har me brote kommunelova.

Og så ordførar Karen Margrete Kuvaas i Narvik var klar.

- Eg har lest rapporten frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane og ventar same konklusjon.

Tap på fleire hundre millionar

Dei fire kommunane har tilsaman tapt fleire hundre millionar kroner på investeringane dei gjorde gjennom Terra Securities og den amerikanske giganten Citigroup.