Hopp til innhold

- Saab skal leggjast ned

Ein av toppane i General Motors stadfestar overfor nyheitsbyrået Reuters at den svenske bilprodusenten Saab skal leggjast ned.

Bob Lutz (78) er framleis ein av toppane i General Motors.

Bob Lutz har inga tru på at det er mogleg å selje Saab.

Foto: General Motors / Scanpix/AFP

Bernie Ecclestone er motorsportkonge og milliardær.

Kan Bernie Ecclestone berge Saab?

Foto: Valery Hache / Scanpix/AFP

Nestsjef i GM, Bob Lutz, seier at ingen av tilboda som har kome inn på kjøp av Saab, har vore finansielt betre for selskapet enn å leggje ned.

Samstundes held Lutz døra open for andre tilbod i nedleggingsperioden.

LES OGSÅ: - Avviklingen av Saab er i gang

LES OGSÅ: Nye grupper snuser på Saab

LES OGSÅ: GM: – Usannsynlig at Saab blir reddet

Bernie Ecclestone

Dette skjer samstundes med at motorsportkongen og milliardæren Bernie Ecclestone har lagt inn eit nytt tilbod på å overta den svenske bilprodusenten gjennom investeringsselskapet Genii Capital.

Ein ekstern bustyrar skal no ta over leiinga av Saab. Bustyraren si oppgåve er å ta vare på selskapet sine interesser i nedleggingsperioden, og å vere med på å avslutte alle aktivitetar.

Talsmannen til Genii Capital, Lars Carlström, meiner tilbodet deira er godt, og at han trur det blir innleidd samtalar med GM i løpet av få dagar.

Tilleggsinformasjon

Saab

GM-leiinga vil leggje ned Saab Automobile.

Foto: John Gress / Scanpix/Reuters

Genii Capital leverte i løpet av helga tilleggsinformasjon til GM som skal gjere tilbodet deira meir attraktivt. Men Carlström vil ikkje kommentere kva opplysningar det er snakk om.

Bob Lutz seier at det skal mykje til før General Motors skiftar meining om nedlegging av Saab.

Bernie Ecclestone og Genii Capital vil snart ha mellom 500 millionar kroner og ein millard kroner på konto for å vise at dei er i stand til å finansiere eit kjøp, skriv den svenske næringslivsavisa Dagens Industri.

LES OGSÅ: - General Motors avviser Saab-bud

LES OGSÅ: GM forlenger budfristen på SAAB

10 milliardar kroner

GM krev at ein eventuell kjøpar kan stille med 10 milliardar kroner til investeringar, og selskapet har gjort det klart at dei ikkje vil godta kjøparar som treng lån frå Den europeiske investeringsbanken. Dette av frykt for at GM skal bli sitjande igjen med gjelda.

Fram til tysdag klokka 14 er det den noverande leiinga i Saab som er ansvarleg for drifta. Deretter blir det svenskane kallar ein likvidator, nærmast ein bustyrar, sett til å avvikle selskapet, inkludert å syte for at selskapet si gjeld til kundar og leverandørar blir betalt.

Det er uklart kven som blir bustyrar, men GM har foreslått britiske Stephen Taylor frå det internasjonale konsulentselskapet Alixpartners.