Prins Charles gifter seg med prinsesse Diana 29. juli 1981. Ein slik kjole ser vi nok ikkje så mykje av i 2011.
Foto: APBrudekjole med langt liv er ein kjole vi nok får sjå i 2011.
Foto: Brudekjolen.noBrudekjole fra Oscar de la Renta med fleire typar stoff.
Foto: Richard Drew / Scanpix/APPia Haraldsen i kort brudekjole. Noko Kathrine Sørland meiner egnar seg godt til bryllaup i utlandet.
Foto: agape-brud.noKathrine Sørland gir deg tipsene til brudekjole i 2011.
Foto: agape-brud.no– Brudekjolemote er ikkje som anna mote, seier bryllaupsekspert Kathrine Sørland, som driv Agape brudesalong i Oslo.
Ho meiner at denne moten ikkje forandrar seg på same måte som anna mote, for kva ei brud vel å ha på seg på den store dagen er heilt individuelt, men ein ting er Sørland sikker på.
– Eg trur ikkje vi får sjå så mange Diana-kjolar framover, seier Sørland og forklarar vidare kva ein faktisk kan sjå i år.
Dette er 2011
Store kjolar med enkle snitt er eit enkelt utgangspunkt. Mange går for ein tubekjole med drapering i midjen og med eit stort skjørt.
– Det er ein flatterande kjole som mange passar i. Og då spesielt kler dette snittet oss nordiske kvinner godt.
Denne typen kjole er og blir populær, men det er og andre type kjolar ein kan sjå i år.
Fleire typar stoff
– Det er mykje blondestoff, tyll, silke og taft i år, enda de fleste framleis går for sateng. Det er og eit rimelegare stoff enn for eksempel silke. Vi vil og sjå lange liv til under hofta, framleis med drapering over midjen og så går skjørtet ut derfrå, som ein slags havfruevariant.
Chiffon er eit stoff Sørland er sikker på at vi kjem til å sjå i sommar.
– Det er eit lett og delikat stoff som er flott på sommarbruder.
I år vil ein og sjå forskjellige typar stoff på ein og same kjole trur Sørland.
– Drapering på skjørt i forskjellige typar stoff er veldig populært i år. Som for eksempel sateng og tyll i same kjole.
Slør
Slør og tiara er moten i 2011. Både korte og lange slør, men det er framleis lange slør som dominerar. Altså slør som er like langt som slepet på kjolen.
- Men det er og mykje juvelar. Gjerne juvelar som ein har fått av kjærasten eller som er i familien.
Utanlandsbryllaup
Mange giftar seg i utlandet og med det kjem ofte ein litt anna stil innan brudekjolar.
- Her er det ofte enklare kjolar å sjå. Som korte, a-symmetriske kjolar som går rett under livet og deretter rett ut.
Fargeval
Trudde du kvitt var mest vanleg å gifte seg i? Kvite kjolar er faktisk ikkje så vanleg i Norge. Elfenbeinkvitt er heller den mest populære fargen.
- Nordiske kvinner er litt bleike, så dette er ein fin farge til oss, seier Sørland.
Men når det gjeld mote er det i år ein del fargar i kjolane. Ofte eit fargeelement i kjolen eller for eksempel eit band i livet. Ofte i svart, champagne eller i same farge som kjolen.
- Ein får fram livet med eit slikt band. Då prinsesse Victoria av Sverige gifta seg hadde ho eit band i livet, men då i same farge som resten av kjolen.
Kongeleg brudekjoleval
Då får vi berre sjå kva som blir valet til Kate Middleton i England. Om det blir ivory, band, tube, eller noko heilt anna som blir valet der er vanskeleg å spå.