Askvollingen var praktikant i 2016, og sidan den gongen har han både jobba og studert fleire ulike stadar. Nyleg fekk han fast jobb på distriktskontoret til NRK i Ålesund.
– Det er både kjekt og spennande å ha landa i ei fast stilling. Det er kjekt å vite at eg skal ha dei same kollegaene framover. Og det er spennande å vite at det ikkje blir ei ny jobbendring om eit års tid – det er jo noko nytt for meg, seier han.
Likar når det skjer nye og spennande ting
Etter praktikanttida var Josef Benoni Ness Tveit vikar i NRK Nordland i Bodø. Dei neste fire åra tok han to bachelorar, éin i historie og éin i sosiologi. Samstundes jobba han på si for lokalavisa, og kvar sommar hadde han sommarjobb for NRK Nordland.
Deretter gjekk vegen til NRK Rogaland, der han fekk vikariat frå sommaren 2021. Berre eit år seinare fekk han lyst til å prøve noko nytt. Vegen gjekk vidare til Ålesund, der han fekk nok eit vikariat i NRK. No har han altså fått fast jobb i NRK Møre og Romsdal.
– Eg har flytta mykje rundt, så eg er godt nøgd med å lande no. Men samstundes har eg ikkje mislikt å jobbe som vikar, for eg likar at det skjer noko nytt og spennande heile tida, seier Tveit.
Fekk ein hestekur på mediesenteret
25-åringen har ikkje stressa med å jakte på faste stillingar. For han har det viktigaste vore å ha det kjekt på jobb og privat. Det har gjort at han har fått testa mykje forskjellig, og han er blitt godt kjend med fleire ulike distriktskontor i NRK.
Og heile reisa starta på NRK Nynorsk mediesenter i Førde.
– Eg skulle eigentleg ikkje bli journalist, og eg tykte ingenting om å jobbe skriftleg. Men no er det nett skriftleg og digitalt eg elskar å jobbe. Mediesenteret var og er ein hestekur. Det er ein snarveg som kan vere litt trong, men som er verdt det for å kome inn i NRK-familien, seier Tveit.
Råd: «Sei ja – og ikkje ver redd for flytting»
NRK Møre og Romsdal hadde ei solid søkjarliste til den faste stillinga i Ålesund. Tveit trekte altså det lengste strået, og distriktsredaktøren er nøgd med tilsetjinga.
– Vi er veldig glade for å ha fått Josef med på laget. Han er ein kunnskapsrik og nysgjerrig journalist med brei kompetanse, seier Charlotte Ervik.
– Ingenting er så kjekt som når tidlegare praktikantar får seg fast jobb i NRK. Og ekstra kjekt er det når dyktige og tolmodige folk får løn for strevet etter så lang tid, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu i NRK Nynorsk mediesenter.
Han meiner historia til Tveit viser at det løner seg å vere allsidig og fleksibel. Sjølv har Tveit følgande råd til dei som er ute etter jobb etter praktikanttida:
– Sei ja og ikkje ver redd for å røre på deg, seier han og utdjupar:
– Sei ja til alle sjansar du får til å gå direkte på TV. Sei ja til å vere med på prosjekt, til å jobbe som VJ, lese bulleteng, flyge til ei øy for å lage reportasje og til å ta ansvar for oppgåver i redaksjonen. Eg har og god erfaring med det å flytte på seg. Låser ein seg til eitt spesifikt kontor, får ein berre dette eine kontoret sine rutinar og arbeidsflyt inn. Det er så mykje å hente på det å jobbe ulike stadar med ulike kollegaer, sakskompleks og fylke.
– Og ikkje minst er det på distriktskontora den verkeleg gode journalistikken skjer, seier Josef Benoni Ness Tveit.