– Vi har fått til ein god og spennande kabal for kull 37. Her blir det gode praksisplassar både på distriktskontor og Marienlyst. Redaksjonane kan glede seg til dei kjem, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu ved NRK Nynorsk mediesenter.
Praksisperioden for kull 37 er frå 2. januar og ut februar. Her er praktikantane (framanfrå på biletet) og praksisredaksjonane deira:
- Solveig Oddvarsdotter Myren – NRK Supernytt
- Berit Helle Jonsbråten – NRK Direkte
- Sander Eide Aase – NRK Vestland
- Sunniva Skurtveit – NRK Trøndelag
- Ingrid Nedrebø – NRK Kultur
– Det er viktig at praktikantane frå mediesenteret bidrar med mest mogleg nynorsk i NRK, og det gjer dei best i redaksjonar med stor nyhendeproduksjon. Ambisjonen vår er samstundes at praktikantane skal komme til redaksjonar der dei får utvikle seg og bli aktuelle for vidare arbeid i NRK. Eg håpar og trur at vi har klart å finne denne balansen også denne gongen, seier Lillesvangstu.
Kull 37 var i oktober ferdige med den første fasen av opplæringa. Sidan då har dei vore i praksis på nyhendedesken i NRK Vestland i Førde. Der får dei mengdetrening på alle plattformer. Ved årsskiftet startar dei i praksis i dei respektive redaksjonane rundt omkring i NRK.