Hopp til innhold
Info frå NRK

Fem nye praktikantar er klare for NRK Nynorsk mediesenter

Dei kjem frå Svolvær, Vinje, Herøy, Sandane og Jølster. I august går dei inn dørene i Nynorskhuset i Førde for å starte opp som kull 41 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Kull 41 ved NRK Nynorsk mediesenter.

HELS PÅ Kull 41: Frå venstre: Katarina Trymsdatter Vatnvåg, Ann Beate Eikås Hovland, Andreas Vatne, Åsne Margrete Kleiv og Malene Laura Solheim.

Foto: NRK Nynorsk mediesenter / NRK

Det er gledeleg å ha tilsett eit kull med stor geografisk variasjon. Nokre av dei har noko journalistisk erfaring, medan andre startar nesten på berr bakke. Uansett har alle verdifull kunnskap og erfaring med seg, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

– Varierte bakgrunnar er alltid bra. Eg trur denne fine buketten kjem til å utfylle kvarandre på ein veldig god måte, seier han.

Frå ein søknadsbunke på 43 kandidatar er Åsne Margrete Kleiv, Ann Beate Eikås Hovland, Malene Laura Solheim, Andreas Vatne og Katarina Trymsdatter Vatnvåg klare til å ta fatt på det seks månadar lange praktiske løpet.

Ein tidlegare praktikant har skildra opplæringa som ei berg- og dalbane som du vil stå i kø for å ta om att. Det trur og håpar vi kjem til å gjelde for denne gjengen også, seier Lillesvangstu.

Desse er klare for kull 41:

Åsne Margrete Kleiv (24), Vinje, Telemark
Til sommaren fullfører ho ein bachelor i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda. Der har ho også vore PR-ansvarleg for Volda studentradio. Gjennom studia har ho hatt praksis ved Munchmuseet, der ho arbeidde med presse og sosiale medium. Ho har også vore ansvarleg for sosiale medium på Ekstremsportveko på Voss. Kleiv vaks opp på sauegard, starta blogg som 11-åring og gjekk på skiskyttarlinje på vidaregåande.

Ann Beate Eikås Hovland (27), Jølster, Vestland
Ein nynorskdebatt på Debatten i NRK var det som fekk jølstringen til å søkje som praktikant. No ynskjer ho å bruke språket sitt i større grad. Før ho startar på mediesenteret, leverer ho ein master i media og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen. I løpet av studia i TV-produksjon same stad, laga ho filmen «ARV», som vann fleire prisar i 2023. Ho har god kjennskap til vestlandske vegar etter arbeid som postbod.

Malene Laura Solheim (25), Sandane, Vestland
Dei siste åtte åra har glopparen budd i Kina, Nepal, Nederland, Danmark og Tsjekkia. På den tida har ho fullført vidaregåande på United World College, studert freds- og konfliktstudiar og internasjonale studium. No fullfører ho utanlandsopphaldet med ein master i journalistikk, media og globalisering. Ho har arbeidd i utanriksavdelinga til TV 2 og skal ha sommarjobb i NRK Vestland.

Andreas Vatne (30), Herøy, Møre og Romsdal
I seks år har sunnmøringen arbeidd som lærar i Bergen. Han har tidlegare fordjupa seg i norsk, engelsk og nynorsk skriftkultur. Før han startar som nynorskpraktikant leverer han mastergraden i spesialpedagogikk. Tidlegare har han jobba på butikk, vore kinomaskinist og pleiemedarbeidar og frilansjournalist. Spesielt innan sport og fotball leverte han saker til Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten. Han har og skrive ein del for Vestlandsnytt.

Katarina Trymsdatter Vatnvåg (24), Svolvær, Nordland
Lofotværingen kjem til Førde med ein nyskriven bachelor i europastudium med statsvitskap frå NTNU. Ho har også gått på folkehøgskule i Sogndal, vore i Forsvaret i Sør-Varanger, og jobba som fiskar og servitør. På fritida elskar ho å vere i aktivitet, gjerne på ski, sykkel eller i ein klatrevegg. Ho meiner fleire nordlendingar bør innsjå at nordnorsk liknar meir på nynorsk enn bokmål.