Hopp til innhold
Info fra NRK

Inviterer til nasjonal språkkonferanse

Korleis er det å vere nynorskbrukar, drive med formidling og stå i rampelyset i 2023? Det er det store spørsmålet på språkkonferansen «Nynorsk i rampelyset».

 Arianrhod Engebø frå NRK P3 og Harald Thingnes frå NRK Sport.

LEIAR KONFERANSEN: Arianrhod Engebø frå NRK P3 skal lose publikum og debattantar gjennom konferansen saman med Harald Thingnes frå NRK Sport.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Torsdag 28. september er det offisiell opning av Nynorskhuset i Førde. Dagen etter er det duka for nasjonal språkkonferanse med nynorsk som tema.

– Vi vil feire og understreke viktigheita av dette språket med ein eigen konferanse. Alle nynorskbrukarar har på ein eller annan måte gjort seg erfaringar med korleis nynorsken deira blir mottatt. På godt og vondt, seier Rune Fossum Lillesvangstu, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Nynorsk er ein viktig fellesnemnar for alle som flyttar inn i Nynorskhuset. Huset blir eitt av dei største nynorskmiljøa i landet, og for klynga som held til der er det viktig at dei klarer å skape ringverknadar av det. Denne konferansen, som NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk Avissenter og Teater Vestland står bak, ser dei på som eit slags startskot.

Mellom gjestane på scena møter vi kulturminister Anette Trettebergstuen, NRK-profil Ingvild Bryn, teatersjef Erik Ulfsby og forfattar Tore Renberg.

Saman med fleire andre vil dei fortelje om eigne opplevingar og erfaringar med å bruke nynorsk i eit elles bokmålsprega landskap. Tidlegare nynorskpraktikant Arianrhod Engebø frå NRK P3 skal leie konferansen saman med Harald Thingnes frå NRK Sport.

Status for nynorsk

Dei siste åra har fleire norske mediehus opna for at journalistar som ynskjer det kan nytte nynorsk. Det gjeld mellom anna på VG, BA, Aftenposten og nettsidene til TV 2. NRK har hatt mål om 25 prosent nynorsk i meir enn 50 år, og har til no klart målsetjinga i 2019, 2021 og 2022.

Under konferansen vil resultata frå ei fersk undersøking som tek temperaturen på statusen for språket blant nynorskbrukarar bli presentert.

Eg ser fram til å få resultata frå undersøkinga på bordet. For kva seier nynorskbrukarane sjølv om korleis det er å vere ein språkleg minoritet i Noreg i dag? Det skal vi sjå nærare på, og vi har fått med oss profilerte og flinke folk til å fortelje om sine eigne opplevingar, seier Lillesvangstu.

Etter konferansen tek Linda Eide og Språksjov over scena i Nynorskhuset med ein spesialversjon av programmet, mellom anna med Sigrid Moldestad som gjest.

Kulturminister Anette Trettebergstuen står for den offisielle opninga av Nynorskhuset 28. september, då er det også urpremiere på Teater Vestland sitt stykke «Tollak til Ingeborg». Laurdag blir heile huset ope for publikum, der ein kan få omvising, delta på familieshow med NRK Super og gå på konsert med Synne Vo.

Heile programmet for konferansen og dei andre arrangementa knytt til opninga av Nynorskhuset finn du på www.nynorskhuset.no.