8. november hadde ho si første sending som programleiar i Studio 2 på P2. Det var både kjekt og spanande.
– Eg synest det er enormt stas å få denne sjansen, og eg har stor respekt både for programmet og dei som jobbar i redaksjonen, seier Andersen.
Til vanleg jobbar ho i Kulturnytt i NRK Nyhende, men skal vere vikar i Studio 2 fram til sommaren 2024. Ida Yasin Andersen var nynorskpraktikant på kull 29 i 2018. I 2020 fekk ho fast jobb i kulturredaksjonen i NRK Nyhende.
Kjenner seg heldig
Andersen kom til NRK nynorsk mediesenter med ei bachelorgrad i film- og TV-produksjon i bagasjen. Og i løpet av åra i NRK har ho vore mykje direkte både på radio og TV, mellom anna var ho den som formidla 17. mai-stemning frå Bergen i 2020.
Ho har også erfart at det er rom for å forfølgje eigne gode idear. Ho stod i bresjen for dokumentarserien «Krøll», som handlar om etnisitet og identitet med afrohår som utgangspunkt. Etter å ha skrive ei djupnesak på emnet, vart det sådd eit lite frø, og med støtte frå kulturredaksjonen vart det til ein dokumentarserie, som også blei send i Sverige og Finland.
Hennar eige krøllete hår var utgangspunkt for dokumentarserien Ida Yasin Andersen laga saman med Su Thet Mon og Ola Hana.
Foto: Patrick da Silva Sæther– Eg føler meg svært heldig som har fått gjere så mykje forskjellig i NRK. Eg har heilt frå starten av vore opptatt av å kaste meg uti ting, sjølv det som verkar litt uoverkommeleg og skummelt. Dette føler eg har gitt meg brei erfaring. Dersom ein har draumar ein ønsker å oppnå i NRK, trur eg nøkkelen er å takke ja til så mykje som mogleg av sjansar som måtte dukke opp, og å kaste seg uti ting. Slik har den eine erfaringa ført til den andre. Samstundes er det veldig viktig å lytte til magekjensla, og setje grenser for seg sjølv, seier ho.
Konkret tips
– Å ha pågangsmot- og vilje er alltid ein fordel, og det er Ida Yasin eit døme på. For i NRK er det store moglegheiter dei som torer å kaste seg ut i det ukjende. Og det er lurt å vere fleksibel. Då kan ein komme langt, seier Rune Fossum Lillesvangstu.
Han var sjølv faglærar for Ida Yasin Andersen, men er no leiar for NRK Nynorsk mediesenter.
– Nokre har heile pakken som NRK ser etter; vilje, teft for nyhende og saker - og er gode til å formidle i tillegg. Når vi no snart har lært opp 200 praktikantar, så ser vi at dei som har dette enklare klorar seg fast i NRK og andre mediehus, seier Lillesvangstu.
Ida Yasin Andersen deler gjerne sitt beste tips for dei som går rundt med gode idear.
– Ideen kan vere vanskeleg å konkretisere, men då er det fint å lufte han med ein kollega eller sjef. Det har eg hatt god erfaring med.