– Det er alltid like spennande å sjå kvar praktikantane endar opp i praksis, og denne gongen har vi landa på fem klassiske nyheitsredaksjonar, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu ved NRK Nynorsk mediesenter.
Kull 40 har fått praksisplassar med stor geografisk og innhaldsmessig variasjon:
- Henning Levold: NRK Trøndelag (Tyholt)
- Laurita Fure Briceno: NRK Vestland (Bergen)
- Sjur Systad Tyssen: NRK Kultur (Marienlyst)
- Jonas Kroken Sævereide: NRK Rogaland (Stavanger)
- Tora Carlsen Haaland: NRK Utanriks (Marienlyst)
– Vi har gode erfaringar med å sende praktikantane til nyheitsredaksjonar, så eg er trygg på at dette blir bra for alle partar, seier Lillesvangstu.
Han legg til:
– Dette er redaksjonar der dei får mengdetrening og vist seg godt fram. Så håpar vi at det kan vere utsikter til meir arbeid der. Dessutan vil det ha positiv effekt på nynorskdelen, seier han.
Praktikantane på kull 40 er snart ferdige med den grunnleggande opplæringa. Om ei veke skal dei i gang med intern praksis på nyheitsdesken i Førde. Så ventar den eksterne praksisperioden i mai og juni.