Hopp til innhold
Info fra NRK

Her er kull 40 og praktikant nummer 200

Med fem nye praktikantar på plass, har NRK Nynorsk mediesenter tilsett 200 praktikantar sidan oppstarten i 2004. Her er dei fem som utgjer kull 40.

Fem praktikantar oppstilte på nyhendedesken i NRK i Førde.

PÅ PLASS: Kull 40, frå venstre: Jonas Kroken Sævereide, Sjur Systad Tyssen, Tora Carlsen Haaland, Henning Levold og Laurita Fure Briceno.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Frå januar skal dei fem praktikantane få opplæring og mengdetrening på nett, radio og fjernsyn ved NRK Nynorsk mediesenter.

Etter to månadar med opplæring går dei inn i redaksjonen til NRK Vestland. Dei to siste månadane av praktikantperioden skjer ute i ulike redaksjonar i NRK.

Det er slik opplegget har vore sidan mediesenteret starta opp med det aller første kullet i 2004.

Det kjennest spesielt å ønskje velkommen til praktikant nummer 200, sjølv om det berre er eit tal. Tenk så mange nynorskbrukande journalistar det er med mediesenteret som bakgrunn – både i NRK og i andre mediehus, seier leiar Rune Fossum Lillesvangstu.

Det er mange flinke folk som har gått her, og eg er sikker på at kull 40 også kjem til å føye seg inn i den tradisjonen, seier han.

Dei som har fått plass på kull 40 er:

Sjur Systad Tyssen (34), Førde, Vestland
Tyssen har erfaring som musikkritikar- og meldar i NRK P3. Han har også vore musikkjournalist i Natt & Dag og i bransjenettstaden Gaffa. Han har også vore innom NRK sport og plotta direkteoppdateringar frå sportsverda. No ynskjer han å bygge på den praktiske erfaringa med ein større journalistisk kompetanse og meistre fleire plattformer. Førdianaren har ei bachelorgrad i kreativ marknadskommunikasjon, og han kjenner på nynorsk som ein viktig identitetsmarkør.

Laurita Fure Briceno (31), Hellesylt, Møre og Romsdal
Sunnmøringen med anar frå Chile har ei bachelorgrad i internasjonal marknadsføring frå BI. Ho vart kåra til den beste studenten på si linje. Etter studia har ho arbeidd som medierådgjevar, med søkemotoroptimalisering, innhaldsproduksjon og annonsar i fleire selskap. Briceno meiner humor fungerer best på dialekt, og ho kjenner seg som eit anna menneske om ho må skrive på bokmål.

Henning Levold (29), Trondheim, Trøndelag
Levold har ein master i historie frå Universitetet i Bergen, og jobbar no hjå byantikvaren i Stavanger. Han har ei bachelorgrad i historie og ei i filosofi. Han har arbeidd som konsulent ved UiB, vore lettmatros og guide på museum. Han har i fleire år også vore fotballdommar i både Trøndelag og Hordaland, og er ein ivrig quizmaster. I sine statlege jobbar har han teke språklova og nynorsk på alvor, og ser fram til å vere med og bevare og vidareutvikle nynorsken.

Tora Carlsen Haaland (25), Stavanger, Rogaland
Haaland kjem frå jobb i Skald forlag i Sogn, der ho siste året har vore forlagsredaktør- og medarbeidar. Med seg har ho også sommarvikariat i både Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad, og eitt år som kulturredaktør i Studvest. Ho har ei bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, i tillegg til årsstudium i nordisk språk og litteratur og arabisk. Ho er oppvaksen i ein bokmålskommune, men har alltid vore glad i nynorsk og brukt det når ho kan.

Jonas Kroken Sævereide (26), Sola, Rogaland
Rogalendingen er no tilkallingsvikar som fotograf og redigerar på i NRK på Marienlyst. Han kom dit i praksis under bachelorutdanninga i film- og tv-produksjon ved Universitetet i Bergen, og har halde fram sidan. Sævereide ynskjer å styrke seg som journalist gjennom å lære fleire plattformer og lage eigne saker på nynorsk. Han har også ei bachelorgrad i litteraturvitskap frå UiB, og har vore elev ved skrivekunstakademiet i Hordaland. Ein periode bytte han til bokmål som hovudmål, men no er det nynorsk som gjeld.

Det er kjekt at det er tre menn og to kvinner på dette kullet, for stort sett er kvinnene i fleirtal. Og så er alderssnittet noko høgare enn det vanlegvis er. Og det er spennande. For eg har stor tru på at talent, ulike bakgrunnar og levd liv er viktig å ta med seg inn i journalistyrket, seier Lillesvangstu.

Kull 40 startar på opplæringa i Nynorskhuset i Førde tysdag 2. januar. Det halve året som praktikant varer ut juni.