Hopp til innhold

Zelenskyj om masseskytinga: – Putin legg skylda på andre

Det seier Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj om masseskytinga i Moskva fredag kveld.

Han seier at Putin legg skylda på andre for hendinga, og at han prøver å trekke slutningar til Ukraina.

Minst 133 er meldt drepne og fleire skada etter at væpna personar gjekk til angrep i eit konserthus utanfor Moskva.

Zelenskyjs rådgjevar Mykhailo Podolyak sa fredag at Ukraina ikkje hadde noko med skytinga i Moskva å gjere.

– La oss vere ærlege: Ukraina hadde ingenting å gjere med fredagens angrep i Moskva, sa han på ein video på telegram.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no