Hopp til innhold

Vil dempe konflikten i Etiopia

USAs spesialutsending til Afrikas Horn er på veg til Addis Abeba og Kenyas president ber om våpenkvile i forsøk på å dempe den aukande konflikten i Etiopia.

Mangelen på dialog er særskild urovekkjande, seier president Uhuru Kenyatta i Kenya i ei fråsegn.

Han ber om ei uvilkårleg våpenkvile. Det er no eitt år sidan Abiy innleidde ein regjeringsoffensiv mot Tigrayfolkets frigjeringsfront (TPLF).

USAs spesialutsending Jeffrey Feltman kjem til Addis Abeba torsdag. Talspersonar for Etiopias statsminister Abiy Ahmed har ikkje svart på om Abiy skal møte han.

(NRK)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no