USA og EU vil oppheva toll-lover

USA og EU er einige om mellombels å oppheva delar av toll-lovene som har skapt ein handelsmur i Atlanterhavet.

Etter at Trump i 2018 innførte toll på stål og aluminium frå EU, utløyste det ein liten handelskrig mellom USA og Europa. Stål og metall frå EU blei omtalt som ein trussel mot USA sin tryggleik, medan bourbon, peanøttsmør og motorsyklar frå USA blei pålagt kraftig auka toll.

No er partane einige om å oppheva delar av toll-lovene, medan det blir jobba vidare mot ei endeleg løysing.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no