Hopp til innhold

USA åtvarar Israel om å halde tilbake palestinske midlar

Det kvite hus åtvarar Israel om å halde tilbake palestinske midlar på grunn av at anerkjenning av fleire europeiske land, melder AFP.

– Eg trur det er feil på eit strategisk grunnlag. Tilbakehalding av midlar destabiliserer Vestbreidda. Det undergrev søket etter sikkerheit og velstand for det palestinske folket som er i Israels interesser, sa nasjonal sikkerheitsrådgjevar Jake Sullivan.

Sullivan seier vidare at han trur det er feil å halde tilbake midlar som gjev grunnleggande varer og tenester til uskuldige menneske.

Det var tidlegare onsdag at finansministeren til Israel, Bezalel Smotrich varsla at han vil fryse overføringa av skattepengar frå Israel til dei palestinske myndigheitene, og at han vil be statsminister Benjamin Netanyahu om å stoppe alle ytterlegare utbetalingar.

I vinter vart Noreg og Israel samde om at Noreg skulle fungere som ein mellomstasjon for palestinske skattepengar.

Det vil seie at skattepengar som Israel samlar inn frå palestinarar, skulle sendast til det palestinske sjølvstyret via Noreg. Nå seier Smotrich at han vil trekke Israel frå den ferske avtalen, etter at Noreg anerkjente Palestina som ein eigen stat.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no