Hopp til innhold

Ung jente måtte reddast ut frå låst badstue i Gjøvik

Ei ti år gammal jente blei låst inne i badstue ved ein badeplass i Gjøvik måndag kveld.

Det var foreldra som varsla politiet om at ho var innelåst.

– Vi fekk assistanse frå brannvesenet for å få opp døra, og helsepersonell tok seg av jenta då dei fekk ho ut, seier operasjonsleiar Bård Einar Hoft i Innlandet politidistrikt til Oppland Arbeiderblad.

Jenta skal ha vore i badstua i om lag 40 minutt, og blei sendt til legevakt for ein sjekk då ho kom ut.

Politiet meiner det kan dreie seg om ein teknisk feil på døra, og har stengt badstua inntil vidare.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no