Hopp til innhold

Tyskland seier at arrestordren frå ICC skaper eit uriktig bilete

Kravet frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) om arrestordre for leiarar av både Hamas og Israel har skapt ei feilaktig samanlikning, sa Tyskland sitt utanriksdepartement seint måndag i ei fråsegn, ifølgje CNN.

Vidare seier tysk UD at Hamas er ansvarlege for ein barbarisk massakre der menn, kvinner og barn vart myrda, valdteken og bortført i Israel på ein svært brutal måte.

Fråsegna har ikkje referert til den etterfølgjande krigen i Gaza som har drepe 35.000 menneske og såra omtrent 80.000.

– Den israelske regjeringa har rett og plikt til å beskytte og forsvare befolkninga si. Det er klart at internasjonal humanitær lov og alle forpliktingar den har gjeld, sa den tyske pressemeldinga.

Russland anerkjenner ikkje den internasjonale domstolen, ifølgje Reuters, som siterer Kreml.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no