Tysk nyheitsbyrå: Ukrainsk general seier fronten i aust har kollapsa
Det tyske nyheitsbyrået DPA siterer ein ukrainsk general som seier frontlinja aust i landet har kollapsa.
Det er generalmajor Dmytro Martsjenko som kjem med denne vurderinga, ifølge DPA. Byrået siterer utsegner i eit videointervju med Martsjenko som blei publisert måndag kveld.
– Vi veit alle at eg ikkje avslører nokon militærløyndommar når eg seier at fronten vår har kollapsa, seier Martsjenko, ifølge videoen.
Nokre av årsakene er etter seiande at dei ukrainske soldatane manglar våpen og ammunisjon.
Påstanden om kollaps ved austfronten er ikkje bekrefta av den ukrainske regjeringa. Nyheitsbyrået Reuters melder likevel at Russlands invasjonsstyrkar den siste veka har rykt framover raskare enn på lenge.
Forsvarsdepartementet i Moskva hevdar blant anna å ha erobra gruvebyen Selydov og fleire landsbyar.
(NTB)