Israelske luftangrep mot Gaza
Det israelske militæret (IDF) har gått til åtak på Rafah i Gaza, ifølge israelske medium.
Angrepet skjer medan Israel og Hamas skuldar kvarandre for å ha brote våpenkvileavtalen som USA har mekla fram.
Ifølge ein representant frå IDF har Hamas angripe israelske styrkar fleire gonger utanfor den såkalla «gule linja», som markerer grensa for kvar partane skal halde seg under våpenkvileavtalen.
Israel meiner dette er eit klart brot på avtalen, melder Reuters.
Ein representant frå Hamas, seier at Hamas held seg til våpenkvileavtalen.
Ifølge Times of Israel skal bakgrunnen vere at israelske styrkar blei angripne sør på Gazastripa.
Tidlegare på dagen avviste Hamas ei fråsegn frå det amerikanske utanriksdepartementet, som hevdar at gruppa planlegg eit angrep mot sivile i Gaza. Hamas kallar skuldingane falske.