Hopp til innhold

Tidlegare gislar ber om å få henta ut dei siste gislane

Fleire av dei lauslatne gislane som Hamas tok 7. oktober samla seg i kveld i Tel Aviv.

Både gislar og pårørande møtte opp på det israelske forsvaret sitt hovudkvarter i Tel Aviv. Ifølgje Reuters var titusenvis til stade.

– Eg kom her for å takka dykk fordi utan dykk kunne eg ikkje ha kome her. Nå må me få henta ut sonen min Sasha og dei andre. Nå, sa Yelena Trupanov, som for to dagar sidan vart sloppen fri.

Samlinga skjer etter at Israel lørdag ettermiddag sa at dei trekte seg frå samtalane med qatarske meklarar og dimed ei eventuell våpenkvile.

Pårørende og venner av gislene samlet i Tel Aviv. Demonstrasjon Tel Aviv 2.desember 2023
Foto: Ariel Schalit / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no