Hopp til innhold

Stolar på Nato-land i ubåtstrid

Nato-sjef Jens Stoltenberg seier han forstår Frankrikes skuffelse, men at ubåtstriden ikkje må få skapa splid i forsvarsalliansen.

Analytikarar meiner Nato står svekkja etter ubåtkrangelen som oppstod då USA, Australia og Storbritannia inngjekk ein forsvarsavtale.

Avtalen gjorde at Australias kjøp av franske ubåtar aldri blei noko av.

– Eg forstår fullt ut Frankrikes skuffelse. Samstundes er Nato-landa samde om det store biletet i dei store utfordringane vi står overfor. Det må vi stå samla om, seier Stoltenberg.

Nato-sjefen seier han er trygg på at Frankrike, Storbritannia og USA vil finna ein veg framover som sørgjer for at striden ikkje skapar problem for alliansen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no