Hopp til innhold

Statens vegvesen åtvarar mot falsk SMS

Statens vegvesen har sendt ut ei åtvaring mot ein SMS der avsendaren gir seg ut for å vere Vegvesenet. I SMS-en står det at mottakaren har ein uteståande faktura som dei ber om blir betalt.

Vegvesenet skriv i ei pressemelding at dette er eit svindelforsøk, og at folk ikkje må opne linken.

Dei skriv også at Statens vegvesen meldingar om køyretøy aldri inneheld ein link. Og at andre meldingar med link alltid viser til nettsidene til Vegvesenet, og aldri til eksterne aktørar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no