Hopp til innhold

Stansa religiøst arrangement

Politiet i Tønsberg måtte stansa eit religiøst arrangement i ein park i føremiddag. Til VG opplyser politiet at det dreier seg om mellom 300 og 400 personar.

I Tønsberg er det ikkje lov å vera samla fleire enn 20 personar utandørs, med mindre det er eit arrangement der folk er delte opp i grupper med fast tilviste plassar, og god nok avstand mellom gruppene.

Folk reiste frå staden då politiet kom, og det blir ikkje snakk om politimelding i saka, seier operasjonsleiar Arild Alfheim.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no