Hopp til innhold

Skal vera over 15 000 drepne i Gaza

Dødstalet i Gaza stig til 15 523 drepne, melder dei Hamas-kontrollerte helsestyresmaktene i Gaza.

Tala er ikkje stadfesta frå anna hald, men ifølgje FN er tala pålitelege.

Sundag skal israelske styrker ha bomba flyktningleiren Jabalia i nord, og helsestyresmaktene oi Gaza stadfestar at fleire har vorte drepne. Det israelske forsvaret (IDF) har ikkje kommentert åtaka til nå.

Sundag ventar innbyggarane i sør bakkeåtak, etter at stridsvogner stengde av vegen melllom Khan Younis i sør og Deir Al-Balah sentralt i Gaza. Det melder Reuters.

Ifølgje nyheitsbyrået har innbyggarane fått kart som viser at dei må koma seg til dei såkalla «trygge sonene» vest for Khan Younis, men innbyggarane melder om at sonene også skal vera under åtak.

Israel har sidan våpenkvila slutta fredag gått til åtak fleire stader, både i sør og nord i Gaza.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no