Hopp til innhold

Reuters: Bashar al-Assad har forlate hovudstaden

Den syriske presidenten Bashar al-Assad har forlate hovudstaden Damaskus. Det melder Reuters, som siterer to høgtståande tenestepersonar i al-Assad-regimet.

Han skal ifylgje ein offiser ha gått om bord i eit fly, men det er uvisst kor presidenten er på veg.

Observatørgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) melder at al-Assad skal ha forlate landet via den internasjonale flyplassen i Damaskus.

Syriske opprørsstyrkar melde natt til søndag at dei var på veg inn i Damaskus. Kort tid etter kom meldingar om at Assad hadde forlate byen.

Lederen for HTS, Abu Muhammad al-Jawlani, snakker til sine tilhengere i Umayyad-moskeen

Opprørsleiar i Syria på statleg TV: – Framtida er vår

HTS-sjefen Abu Mohammed al-Jolani har kome fram til den syriske hovudstaden, melder AFP. Styrkane hans har søndag erobra byen og styrta Assad-regimet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no