Hopp til innhold

Raudt-politikar vil trasse politiets råd

Sofia Rana, som representerer Raudt i bystyret i Oslo, seier ho vil gå imot politiets råd om å ikkje delta på solidaritetsmarkeringa ved Rådhusplassen i kveld.

– Eg trur vi skal trasse denne anbefalinga. Oslo treng samhald no. Politiet klarer å mobilisere fullt i riot gear når rasistar tar over gater og torg for å spraye tåregass på antirasistar. Då burde dei klare å beskytte folk som vil samlast i solidaritet no, skriv ho på Twitter.

Rana meiner også at dersom politiet har informasjon om at noko kan skje, så bør dei vere tydelege på det.

– No skapar dei frykt og forvirring.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no