Hopp til innhold

Ransforsøk i Loddefjord: Politiet i dialog med mindreårig person med sabel

Like over klokka fem fekk politiet melding om eit ransforsøk av ein bensinstasjon i Loddefjord i Bergen. To personar skal ha vore innom stasjonen og truga beteninga. Dei skal ikkje ha fått med seg noko. Vidare melder politiet at dei i samband med ranet har treft ein mindreårig som har ein sabel. Dei er på staden med ei rekkje einingar og er i dialog med mannen som går i vegbanen, tvitrar Vest politidistrikt.

Politiet skrivar like etter klokka 06.15 at dei har kontroll på guten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no