Hopp til innhold

Qatar: Problema som hindrar frigjeving av gissel er løyste

Problema som gjorde at Hamas ville utsette frigjevinga av gissel laurdag kveld, er løyst. Det seier ein talsperson for utanriksdepartementet i Qatar til Reuters.

Hamas sa dei ville vente med å sette fri pulje to med gissel fordi dei meinte at Israel ikkje har oppfylt sin del av avtalen. Men laurdag kveld stadfestar dei at ei ny gruppe med gissel snart blir sett fri.

Etter planen skal 13 israelske gissel og 39 palestinarar i israelsk fangenskap bli sette fri.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no