Hopp til innhold

Politiet i Agder melder om bedrageri over telefon

Politiet i Agder har i ettermiddag fått fleire telefonar frå innbyggarar som er blitt ringt opp av personar som oppgir seg for å ringe frå Økokrim, Politiets cybersenter og Politiet. Det skriv politiet på X.

Dei som har blitt ringde har fått spørsmål om kontoinformasjon, kodar og kortnummer, og liknande.

Politiet i Agder skriv at det ikkje er dei som har ringt nokon av desse.

«Det er IKKJE politiet som har ringt nokon av desse. oppringingane er forsøk på bedrageri.»

Det er viktig at ingen oppgir kontoinformasjon, kodar, BankID, fødselsnummer og liknande, skriv politiet.

«Politiet spør ALDRI om denne opplysningar over telefon, mail ol.», skriv dei på X.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no