Ny person pågripen i cyanid-saka
Ein tredje person er arrestert i saka der ein varebil med cyanid vart stolen. Han er sikta for det same som dei to andre, grovt brukstjuveri av bil. Mannen er frå Polen, og vart arrestert i sin eigen heim i går, seier politiet til Romerikes Blad.