Hopp til innhold

Netanyahu: – Bakkeoperasjonen er nødvendig

Under lørdagens pressekonferanse seier Israels statsminister Benjamin Netanyahu at krigen held på fram til alle «måla er oppnådde.»

– Bakkeoperasjonen er nødvendig for å oppnå måla våre, å få tilbake gislane og eliminera Hamas.

Under pressekonferansen las han opp fleire av namna til dei gislane som til nå har vorte sloppne fri.

– Me er glade for dei som er tilbake, men me triste for dei som vart brutalt drepne og dei som framleis er i Gaza, seier han.

Tidlegare i dag sa Hamas til kanalen Al Jazeera at dei ikkje kjem til å sleppa ut dei gislane som er att. Dette fordi gislane skal ha eller har hatt tilknytingar til det israelske militæret, hevdar Hamas.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu måtte forlate et valgkamparrangement i Ashkelon onsdag på grunn av et rakettangrep fra Gazastripen.
Foto: POOL

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no