Hopp til innhold

Netanyahu varslar Rafah-operasjon

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier det er naudsynt å gå inn med soldatar i grensebyen Rafah i Gaza for å sigre over Hamas, og at det ikkje er noko som kan stoppe desse planane.

Han kom med utsegna på ein pressekonferanse søndag, melder Reuters.

Over 1,5 millionar palestinarar er i Rafah, som ligg heilt sør på Gazastripa. Dei fleste av desse har flykta hit på grunn av israelske angrep lenger nord i Gaza.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no