Minst to drepne i Kansas
Minst to personar er drepne i ein skyteepisode i byen Kansas i Missouri søndag kveld lokal tid, melder AP. Ytterlegare 15 personar skal vere skadde. Politiet trur at den einaste mistenkte gjerningspersonen er blant dei to drepne.