Mann død i arbeidsulukke på Ål
Ein mann i 60-åra har omkomme i ei arbeidsulukke på Ål. Mannen blei erklært død på staden, skriv politiet på Twitter.
Det var ingen vitne til hendinga, men politiet meiner det verkar å vere ei arbeidsulukke. Dei vil undersøke staden utover kvelden. Arbeidstilsynet er orientert, og dei pårørande er varsla, skriv politiet.