Lovar avklaring på straum før jul

Statsminister Jonas Gahr Støre lovar ei avklaring før jul på kva ordningar som skal gjelde for dei som har vanskar med å straumrekningane.

– Kva ordningar og mekanismar vi skal bruke, jobbar vi med no. Og vi vil kome til Stortinget med dette om kort tid, seier Støre til NRK.

Dei som får bustønad har allereie fått auka denne, og det kan bli aktuelt å auke denne ytterlegare, seier Støre. Men dei ser også på andre grupper.

– Det er mange med vanlege inntekter som også blir treft hardt av dette, som vi må hjelpe no.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no