Hopp til innhold

Liten auke i arbeidsledigheiten i januar

Totalt var 65.400 registrert som heilt ledige (55.400 registrerte) eller arbeidssøkjarar med arbeidsmarknadstiltak hos Nav (10.100 registrerte), noko som tilsaman utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken, syner tal frå Nav.

Det sesongjusterte talet på heilt ledige eller arbeidssøkjarar på tiltak auka med 400 personar ved utgangen av januar.

– Arbeidsledigheita gjekk litt opp i januar, men er framleis på eit lågt nivå. Ledigheita auker blant annan innan bygg og anlegg og blant personar under 40 år. Samtidig er etterspørsla etter arbeidskraft framleis høg og det er mange ledige jobbar, seier Noregs arbeids- og velferdsdirektør, Hans Christian Holte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no