Hopp til innhold

Leitar etter to gjerningspersonar

Politiet leitar etter to personar etter skytinga i Moss. Dei skal ha reist frå skytinga i ein mørk bil.

Mannen i 30-åra som blei skoten er frakta til Ullevål sjukehus, og det er ukjent skadegrad. Den fornærma skal vere kjent av politiet.

– Vi ønskar å komme i kontakt med vitner, seier operasjonsleiar Wilhelm Bjølset.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no