Hopp til innhold

Kjelder tett på Hamas til AFP: Vil forlenga våpenkvila

Nyheitsbyrået siterer anonyme kjelder på at Hamas er villige til å forlenga våpenkvila med fire dagar.

Onsdag skal førebels vera den siste dagen med våpenkvile, men internasjonale meklarar seier dei jobber med å få forlenga våpenkvila ytterlegare.

– Hovudfokuset vårt og håpet vårt akkurat nå er å verta einige om ei berekraftig våpenkvile som vil leia til vidare forhandlingar, og omsider avslutta krigen, sa ein talsperson frå Qatars utanriksdepartement på ein pressekonferanse.

Qatar i lag med Egypt har hatt leiande roller i forhandlinga om våpenkvila. I utgangspunktet skulle ho vare i fire dagar, men vart forlenga med to dagar, fram til onsdag.

Israelske soldater går gjennom utbombet by nord i Gaza.
Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no