Hopp til innhold

Kan bli påbode med engelsk

Engelsk kan bli påbode for kommunikasjon på norskekysten. Kystverket vil at alle skal forstå samtalane over radio med Sjøtrafikksentralen.

Alle fartøy over 500 tonn skal kommunisere på engelsk med sjøtrafikksentralen, heiter det i eit lovforslag fremma av Kystverket.

Arve Dimmen, direktør for navigasjonsteknologi i Kystverket, meiner det vil gjere sjøfart rundt norskekysten tryggare.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide seier at departementet arbeider framleis med denne saka, han kan ikkje gje ein nærare dato for når det er avklart.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no