Hopp til innhold

Jean-Paul Belmondo er død

Den franske skodespelaren Jean-Paul Belmondo er død, 88 år gammal. Det opplyser hans advokat til AFP måndag. Belmondo begynte si karriere i småroller på midten av 50-talet og etablerte seg etter kvart som ein av Frankrikes største filmstjerner. Han fekk sitt store gjennombrot i filmen «Til siste andedrag» i 1960.

Presidenten i Frankrike utnemnde han til storoffiser av Æreslegionen i 2019. For tre veke sidan blei han fotografert under hans 88-årsfeiring saman med både barn og barnebarn, inkludert hans yngste dotter på 17 år, Stella. Belmondo fekk fire barn i løpet av sitt liv.

 Jean-Paul Belmondo
Foto: Sameer Al-doumy / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no