Hopp til innhold

Israelsk militære avviser påstandar om massegraver

– Påstanden om at IDF begravde palestinske lik er grunnløs og ubegrunna, skriv IDF sin talsperson i ein tekstmelding til NRK.

Den siste veka hevda palestinske militærleiarar at det er gravd fram 283 døde kroppar i det dei meiner er fleire massegraver i Gaza.

Israels militære avviser på det sterkaste at dei har noko med massegravene å gjere.

– I løpet av IDFs operasjon i området rundt Nasser-sjukehuset, i samanheng med forsøk på å finne gislar og sakna personar, blei lik som var gravlagde av palestinarar undersøkte.

Israelske medium har tidlegare skrive at dette er vanleg prosedyre.

– Undersøkingane blei forsiktig utførte og berre der etterretningsinformasjonen vår antyda at gislar kunne vere til stades. Dei blei utførte på ein respektfull måte som bevarte verdigheita til dei avdøde, skriv IDF.

Dei har hevda at soldatane deira blei tvinga til å kjempe inne på sjukehusa fordi Hamas bruker dei som kommandosentralar.

Sjukehuspersonell og Hamas har avvist desse påstandane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no