Hopp til innhold

Israel: Islamistisk terrorgruppe er ansvarlege for angrepet

Det israelske militæret hevdar at etterretning viser at ei islamistisk terrorgruppe står bak sjukehusangrepet.

Det skriv nyheitsbyrået Reuters.

Opplysningane kjem blant anna fram i ei melding frå det israelske militærets offisielle Twitter-konto der dei skriv at angrepet er skulda eit mislukka rakettangrep frå Islamsk heilag krig (Jihad).

– Ein analyse av IDFs operasjonelle system tyder at ei salve rakettar blei fyrte av terroristar i Gaza og passerte ikkje langt frå Al-Ahli-sjukehuset i Gaza då det blei treft, skriv dei i meldinga.

Vidare hevdar militæret at fleire etterretningskjelder seier at desse rakettane stammar frå Islamsk heilag krig (Jihad).

Ein talsperson for den islamistiske gruppa nektar for at dei er anvarlege for angrepet.

(NRK/NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no