Hopp til innhold

IDF: 12 gislar på veg ut av Gaza

Det israelske militæret (IDF) seier dei har fått informasjon frå Røde Kors om at 12 gislar som Hamas har heldt på Gazastripa er på veg ut. Det skriv Reuters.

Ein palestinsk talsperson sa tidlegare tysdag kveld at Hamas skal ha starta prosessen med å frigje fleire gislar.

Det er venta at Israel vil sleppe fri 30 palestinske fangar tysdag.

Dette er ein del av avtalen i den mellombelse våpenkvila. Avtalen går ut onsdag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no