Hopp til innhold

IDF ferdig med etterforsking av palestinere drept i matkø

Det israelske forsvaret (IDF) har avslutta etterforskinga etter at 112 palestinarar blei drepne og 760 skadde under utdeling av mat nord i Gaza torsdag, melder Reuters.

Hamas sa at IDF skaut mot sivile, og FN seier mange av dei skadde hadde skotskadar.

I konklusjonen til IDF seier dei at soldatane forsvarte seg mot palestinarar som gjekk til angrep etter at det blei skote varselskot, og at dei fleste døde blei drepne i kaoset som oppstod då kolonnen med hjelpesendingar blei omringa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no